Om bandet

Frå høgre: Peter Sæverud - bass, Mikael Chauvet Jørgensen -trommer, Anita Nordheim -vokal og saksofon, Tore Kvalvik -gitar , Håvar Skaugen -saksofon og Hans Marius Andersen -trompet

 

I ei tid prega av glatt pop og digitale lydkjelder leverer Anita Nordheim Blues n’ Groove Company eit forfriskande alternativ. Spelegleda som gruppa står for smitta raskt over på publikum i konsertlokale og på festivalområde etter etableringa i 2019, men med koronautbrotet vart det raskt sett ein midlertidig stopp for livespelinga. Då tok frontfigur, vokalist og saksofonist Anita Nordheim like godt med seg resten av bandet i studio. Låtskrivarar er Anita Nordheim og Tore Kvalvik .

Vi vel å opne ballet med to stilmessig høgst ulike songar. «Despite» er groovy og har ein swingrytme som får det til å rykke godt i dansefoten. «The House» er på si side ein seigare blues der heile bandet er i fri utfalding, og der mine medmusikantar verkeleg får vist fram kor utruleg dyktige dei er. Eg er fantastisk privilegert som får stå i front for nokre av dei mest rutinerte og talentfulle musikarane vi har i Norge.

Anita Nordheim Blues n’ Groove Company har hovudbase i Bergen der fleire av bandmedlemmane er busett, medan vokalist og saksofonist Anita Nordheim held til i industritettstaden Høyanger. Dei fire bandmedlemmane fant saman som følgje av ei felles interesse for blues-, groove- og soulmusikk.

­Som band står vi på skuldrene til kjemper frå musikkhistoria, og vi har som filosofi å spele uprentensiøs musikk som er 100% fri for unødig staffasje og distraksjonar. Songane våre er meint å treffe lyttarane rett i sjela, og responsen vi har fått på spelejobbar har vore over all forventning. No håpar vi sjølvsagt at vi og treff publikum med vår innspelte musikk.

Med lanseringa av «Curious» og «Fools» tek Anita Nordheim Blues n’ Groove Company enno eit nytt steg som band og har fått med seg blåserekke .

Bandet slepp nye låtar løpande og albumet Despite haustar god kritikk.

Dei nye singlane Curious og Fools kan de høyre her:

https://youtu.be/z40FIM-hytg
https://youtu.be/88ILsQt3ToE

https://open.spotify.com/artist/60KobGma09lZFTYCoXxGKg?si=bFZzyWoISfGOOpOsR2NzZQ

Anita Nordheim -Lead vokal, baryton og altsaksofon 

Tore Kvalvik – gitar

Peter Sæverud – bass

Mikael Chauvet Jørgensen - trommer

Hans Marius Andersen- trompet

Håvar Skaugen - tenorsaksofon , blåsearr.

Elisabeth Moberg - backing vokal på albumet Despite - Marte Kristine Nordheim Grønvold kor på låta Do you Dare.

Vi har landa nokre konsert- og festivaljobbar også i 2023 ! Det er stor stas å få spele eigenkomponert musikk til publikum! Vi set STOR pris på vårt publikum som stiller på konsertar og følgjer oss på ulike strøymetenester. Det er GULL for oss, TAKK!

Sees på konsert!